Søk i denne bloggen

mandag 21. desember 2015

Jul og andre småting


Det nærmer seg virkelig jul, og som mange føler eg at tida har flydd avgårde. Det har vore eit spennende halvår, med salg av leilighet, 30-årsdag, flytting og fire jobbintervju som førte til at eg fikk en ny jobb i Bergen. Etter fem fine år, kor eg har møtt mange fantastiske mennesker og jobba i eit yrke som eg brenn og ånder for, skal eg tilbake til byen eg budde i seks og eit halvt år av livet mitt. Eg ser fram til dette: Endringer er alltid litt skummelt i starten, men det er og det som bringer oss videre i livet. Jobben eg skal begynne i blir veldig annerledes enn den eg har hatt no. Den største forskjellen blir at eg skal jobbe med barn for første gang. Via tilfeldigheter havna eg i voksen-psykiatrien kor eg har brukt mesteparten av tida til å jobbe med traumer, det siste eg trudde eg skulle gjere. No skal eg derimot utrede barn med lærevansker og jobbe meir mot systemet. Det er det siste praksis-kravet før eg er spesialist, som i seg sjølv eller litt surrealistisk. Det kjennes som igår at eg begynte som usikker psykolog, for eg har fortsatt så mykje å lære. 

Før eg avslutter desse grubleriene ønsker eg å legge ved eit bilde av eit lerret eg lagde i forrige veke. For tross reising, flytting og sosialisering, har eg fått tid til å lage ting, og resultatet av en av desse prosjekta ser en under. Det passer fint med eit bilde frå då eg var liten, fordi det minner meg om tida som har gått, og kor viktig det er å ta vare på dei øyeblikka som oppstår iløpet av eit liv.

Sist, men ikkje minst vil eg ønske alle ei god jul! 

torsdag 29. oktober 2015

Voldtatt

"Voldtatt er en film som bør ses av mange - på grunn av temaets viktighet, men også selve filmens kvalitet"

Dokumentarfilmen har blitt Nominert til Beste norske dokumentar på BIFF 2015.


Idag fikk eg ei melding frå Linda Steinhoff. Steinhoff har laga ein dokumentar om voldtekt, kor ho har sjølv turt å dele si historie.  Ho har eit ønskje om å få fram kor vanskelig det kan vere å få hjelp etter ei voldtekt, og dette syns eg er viktig å dele med flest mogeleg.

Oppsummering av dokumentaren:

Linda ble voldtatt som tenåring, men anmeldte ikke. Tiden siden har hun brukt til å forsøke å glemme, men det funker dårlig. Voldtekten henger i. 

For å forstå samfunnsproblemet bedre, hjelpe andre i sin situasjon og kanskje komme over sitt eget traume, bestemmer hun seg for å lage film.

Det hele tar en uventet retning når en innsatt voldtektsforbryter anbefaler henne å anmelde sin egen sak. Det blir tøffere enn hun hadde trodd, og over tre år får vi bli med henne på en nær reise med store emosjonelle bølgetopper og -daler.

Linda Steinhoff beskriv fleire år med terapi, utan at nokon tok opp spørsmålet om ho ønska å anmelde voldtekta. Ho valgte sjølv å anmelde, og dokumenterer kor tøff denne prossessen er.
Steinhoff fletter inn korleis ein anmeldelse oppleves for den som anmelder. Ho beskriv usikkerheta, kjensla av skyld og redselen for å ikkje bli trudd. Det er tøft å sjå kor mykje det krever av den som har blitt voldtatt: Avhøyr, vurdering av diagnose og ventinga på svar. Dessverre blir mange saker henlagt grunna mangel på bevis, og det er trist om dette skremmer dei som har blitt voldtatt, frå å anmelde. For det er viktig. Sjølv om saka blir henlagt, kan en anmeldelse forhindre at gjerningsmannen ikkje blir tatt om det skjer ein gong til.

I tillegg intervjuer Steinhoff bade mannen i gata, andre som har blitt voldtatt og gjerningsmenn om deira tanker. Ho fortel også om reaksjoner ofre for voldtekt kan få på en empatisk og lett forståelig måte, og får fram betydninga av å bli møtt når den som er ramma, skal fortelle si historie.  Steinhoff har eit ønske om at ein skal snakke om voldtekt, heller enn å dysse det ned, og filmen er eit forsøk på nettopp dette. Det er en sterk opplevelse å høyre om Steinhoff sine opplevelser, men og korleis samfunnet rundt forheld seg til voldtekt. Mange har tanker om at den voldtatte sjølv hadde skyld i det som skjedde. Steinhoff har inkludert eit nyhetsinnslag som reflekterer desse haldningene: "1 av 4 som blir utsatt for voldtekt, kan selv være skyld i dette". Dette er skremmande, og ei viktig påminning for behandlere om å huske korleis mange blir møtt når dei tør å fortelle om at dei har blitt voldtatt.

Filmen er også full av informasjon om reaksjoner en kan få etter en voldtekt. Steinhoff fikk sjølv PTSD, og forklarer kva dette innbærer i kvardagen. Denne kunnskapen er viktig å få fram, og gir eit reelt bilde av kor vanskelig det er å leve etter ei voldtekt. For den som blir voldtatt og får PTSD, sit opplevelsen i kroppen. Det er vanskelig å slappe av, og ein er heile tida på vakt. Minner frå det som skjedde, dukkar stadig opp, og frykten er like levende kvar gang dette skjer. Det får meg til å tenke på kva slags mareritt det må vere å leve med ein frykt som andre kanskje ikkje forstår. Det er lett å tenke at en "bør komme over det", men slik er vi ikkje skrudd saman.

Etter 22 juli, fikk offera tilbod om gratis psykologhjelp. Kvifor får ikkje den som har blitt utsatt for voldtekt, det same tilbodet? Steinhoff stiller viktige spørsmål, som krever eit svar. En må ta voldtekt på alvor ved å straks gi tilbod om hjelp. Derfor er denne filmen så viktig, for den viser at det er eit stort behov for å gi fleire hjelp.

Filmen er og viktig, fordi den som har opplevd å bli voldtatt vil kunne forstå kor vanleg det er å kjenne på skyld. Skyld er en av dei mest nedbrytande følelsene etter ei voldtekt, og det kan hjelpe å sjå at dette er ein reaksjon som mange får, sjølv om det ikkje betyr at ein faktisk har skyld i det som skjedde. Steinhoff vil ikkje vere eit mørketall, men en person som har turt å stå fram med si historie. Dette vil vere til inspirasjon for andre, og ein påminnar til helsevesenet og samfunnet om å ta problemet på alvor.

Steinhoff venter fortsat på traumebehandling og på anmeldelsen. Ho er ikkje den einaste.

Du kan sjå filmen komande søndag på NRK1 kl 22.20
Meir informasjon finn du ved å trykke på denne lenka

Intervju på TV2 med Linda Steinhoff

torsdag 1. oktober 2015

10 ting eg liker ved deg

Snart skal eg møte deg igjen. Eg skal vere i deg, bygge ei ny framtid med deg og føle meg varm på kalde vinterdager. Snart flytter eg inn i deg, kjære barndomsheim. Det var her eg og bror min sklei nedover trappa på ei madrass, min andre bror satt i en kasse med appelsiner og smilte søtt, der eg gaula i takt med spice girls og britney spears, leste utallige bøker og skapte mangfaldige minner som fyller fleire bind i Nina`s saga. Eg får lyst til å skrive eit brev til deg, kjære hus. For å vise kor mykje eg set pris på deg, og kva ved gjensynet med deg som gjer meg varm rundt hjarterota.

1. Eg gleder meg til å tilbringe mykje tid saman med deg og mine sjarmerende halvbrødre. Eg gleder meg til å høyre springande barneføtter over golvet, og til å lære Nathaniel å spele piano (og lære meg det sjølv, ikkje minst). Til å svare på rare spørsmål om alt mellom himmel og jord, og generelt til å tilbringe så mykje tid med dei som mogeleg.

Mange gode minner

2. Eg liker kor mykje plass du gir meg. Frå 44 kvm, med ting gøymt i kvar ein krok, får eg no fleire rom å boltre meg på. Du deler raust av din plass, og gir meg frihet til å alle mine kreative aktiviteter.

3. Eg liker at du ikkje er som ein snigel. Eg har ikkje tal på kor mange ganger eg har hatt lyst til å riste ruteren min i desperasjon over netthastighet tilsvarande 90-talet. No kan eg faktisk laste opp ei side eller bilde utan å måtte stirre tomt ut i lufta i to minutter. Det er kjedeleg å stirre ut i lufta.

4. Eg liker at du kjem til å reintrodusere meg til ei verd av bilder på skjerm. Dei siste åra har eg knapt visst kva eit fjernsyn er, endå mindre kva ein tv-kanal inneheld. At eg atter ein gong skal få sette meg ned å sjå akkurat kva eg vil, når eg vil, er nesten over mi fatteevne. Eg kan til og med henge med i framtidige samtaler om den nyaste reklamen.

5. Sjølv om eg liker å vere med deg, blir det også godt å forlate deg. Eg ser fram til å køyre til jobb kvar dag med min store kjærleik Adam. Vi har tilbrakt alt for lite tid med kvarandre, og eg gleder meg til mitt kjære framkomstmiddel varmer meg på henda samtidig som eg høyrer på lydboka.

Meir tid til å reise til dette fantastiske landet
6. Du gir meg også sjansen til å reise meir. Med ei horribel husleige fram til no, har ein tredjedel av lønna mi forsvunne i det store intet. Eg er ikkje så glad i intetheten, særlig sidan den sluker reisemulighetene inn i sitt svarte hol. No kan eg atter sette meg i eit nytt fly, og lande akkurat der det passer seg.


Skal eg endeleg få reist til Cinque Terre? 
Vakre Jølster


7. Som om ikkje dette er nok, er eg også overstrøymande takknemmeleg for at eg får sjansen til å ta meir fri, av overfornevnte årsak. Meir fri betyr tid til å fullføre boka mi, lage bilde og kort, øve på piano, synge og til rett og slett å leve. Sjølv om ingenting kan toppe følelsen av å sitte ovenfor eit menneske du får lov til å hjelpe, har eg mange aktiviteter på delt andreplass. Og nokre ganger må nummer to få lov til å utforske korleis det er å vere nummer 1.

8. Når eg forlater deg, vil eg og benytte anledninga til å utforske mine tidligare natur-minner. Eg skal springe opp på fjellstøylen, finne fram til stader eg for lengst har gløymt og vandre i graset med frisk luft rundt meg. Eg skal få med meg min kjære far og to småtroll-søsken på tur. For troll høyrer jo heime i skogen? Eg skal sykle rundt Årdalen og vinke til folk som veit kven eg er, men som eg kanskje ikkje kjenner igjen. Eg skal ta imot besøk og vise fram plassen eg voks opp på og er så stolt av.

9. Eg liker også at eg får sjansen til å jobbe saman med deg, for å forbetre din utsjånad. Eg skal møblere deg, pusse deg og shine deg opp. Eg skal vaske i kroker og virvle opp støv frå gamle minner. For du bærer på så mykje historie, og eg vil så gjerne minne deg på kva du og eg har gløymt frå vår tid saman.


10. Det er liker best med deg, er at du berre er der. Du står like stødig som eit tempel, og eg skal tilbe deg på mitt alter av glede. Takk, kjære barndomsheim for alle minna du har gitt, og alle nye minner vi skal skape saman. Utan deg hadde eg ikkje vore den eg er.

onsdag 16. september 2015

Korthuset som ramlar i psykiatrien

Korthuset som ramlar i psykiatrien

- 305 visninger Innlegg
Verdiane som ligg til grunn for pasientens helseteneste, går ikkje i hop med planen om å lage pakkeforløp i psykiatrien­. Politikarar og brukarorganisasjonar må vere på vakt.
I kronikken sin (Vårt Land 14. september) hevdar Peter Kinderman at det er ein myte at symptom på psykiske lidingar skuldast hjernesjukdom.

Han hevdar at psykiske plager i hovudsak har sosiale, ikkje biologiske, årsaker. Difor bør ­tenestene ikkje prøve å behandle «sjukdom» eller «lidingar», men i staden støtte folk som har det vanskeleg på grunn av vilkåra dei lever under eller på grunn av måten dei reagerer på desse vilkåra.
Kinderman meiner dette også gjeld alvorlege psykiske lidingar, som psykoselidingar. Han peikar på at forsking finn klårt samband mellom tidlege traume og seinare alvorlege psykiske problem. For Kinderman er det vi i dag ser på som sjukdom ikkje anna enn tilpassingar til overveldande røynsler.
Kinderman vil at me skal slutte å sjå psykiske plager som uttrykk for lidingar vi kan setje ein ­diagnose på. Han meiner at enkle og greie skildringar av dei problema folk slit med, vil vere eit godt grunnlag for å planlegge behandling og tenesteutvikling.

Radikale.
Kinderman vil gå frå medisinske til psykososiale løysingar. Han tilrår radikale endringar i forståinga av psykiske problem og korleis me utviklar og organiserer tenestene. Han utfordrar klinisk psykologi og psykiatri både med omsyn til årsakene til det vi kallar psykiske­ lidingar og kva som skal styre dagleg praksis: sjukdom eller ­individet sine eigne røynsler.
Høver tankane til Kinderman i den norske kliniske kvar­dagen? Helsestyresmaktene har bede helsetenesta om å ta pasientane sine ynskje og verdiar på større alvor og arbeide for meir friviljug behandling og medisinfrie alternativ. Helsetenesta skal ­endre arbeidsformer og organisering og ta utgangspunkt i meistring og ressursar, og ikkje berre symptom og diagnosar. Så langt er alt vel.
Men styresmaktene har ein tosidig dagsorden – og dei to ­sidene går ikkje i hop. På den eine sida skal me ta utgangspunkt i kva den einskilde ynskjer, på den andre skal me følgje nasjonale retningsliner.

Standardisert.
På den eine sida skal me fremje pasientens helseteneste (eit prisverdig initi­ativ frå statsråd Bent Høie), på den andre skal me utvikle standardiserte pakkeforløp for psykiske lidingar.
Pakkeforløpa skal standardisere, ikkje individualisere, tilbodet. Tanken er, seier statsminister Erna Solberg, at det skal redusere unødig venting og sikre at alle får behandling «basert på en standard forankret i den beste­ kunnskap vi har om hva som hjelper». Det vert vist til Danmark, der pakkeforløp er innført – ut frå den kliniske diagnosen.
Dersom pakkeforløpa nøyer seg med å definere ventetider og skildre samhandlinga i helsetenesta, er alt vel. Men ein skal også standardisere behandlinga – ut frå diagnosar. Alt
Kinderman seier, tyder på at dette ikkje kan føre fram. Han har tvillaust rett i at diagnosane stort sett ikkje avgrensar pasientgrupper som treng den same behandlinga.

Depresjon.
Det er ikkje opplagt at ein bør gje same behandling til alle som har til dømes depresjon, for årsakene til ­depresjon kan vere mange og samansette. Då blir det i beste fall meiningslaust med slike forløp. I verste fall får det skadelege følgjer for dei som blir pressa inn i standardi­serte løysingar som kanskje, kanskje ikkje, høver for vanskane dei strir med.
Kinderman hevdar at sjølv omgrep som schizofreni og bipolar liding er dårlege utgangspunkt for å planleggje behandling for individet. Han har nokså rett.
Dei nasjonale retningslinene seier til dømes om schizofreni at «om lag 25 prosent har èn sykdomsperiode, mens 25 prosent får et kronisk, livslangt forløp. De resterende 50 prosent har et forløp mellom disse ytterpunktene».

På vakt.
Kan det same pakkeforløpet vere tenleg for personar med så ulike forløp? Ved mildare­ psykiske lidingar er forløp og trong for behandling endå meir varierande. Det er ikkje gode utgangspunkt for standardisering.
Verdiane som ligg til grunn for pasientens helseteneste, kan ikkje sameinast med pakkeforløp. Difor er det viktig at politikarar og brukarorganisasjonar er på vakt.
I verste fall skal det no lagast reglar for korleis pasientar og klinikarar skal innrette seg, ­reglar som tek frå dei handlefridom og kreativitet. I verste fall vert pakke­forløpa maksimumsgrensa for kva pasientane kan vente seg – ut frå diagnosen dei har.
Dersom Kinderman har rett, så ramlar dette korthuset i lag med diagnosesystemet som det byggjer på. Alt me har lært av brukarane våre, tyder på at dei ønskjer å medverke i avgjerda om kva som skal vere mål og middel i behandlinga deira.
Det er på tide å kjempe for pasienten sin rett til individualitet og fagfolka sitt høve til å vere fagfolk. Helsehjelpa må vere tilpassa det som er i vegen – og ikkje berre kva diagnose som er sett.
T
rond F. Aarre
Psykiater, Nordfjord psykiatrisenter
Mehdi Farshbaf
Psykolog og doktorgradsstipendiat, Nordfjord psykiatrisenter
FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 16.09.2015

søndag 23. august 2015

Kognitiv terapi med Kannan

Eg er så heldig å jobbe i Helse Førde med mange dyktige kollegaer. En av desse er Kannan, som eg har hatt glede av å arranger kurs saman med. Nedanfor finn dykk ein video som viser korleis Kannan jobber med ein ung mann som hadde panikkangst. Kannan bruker kogntiv terapi med stor suksess, og eg håper videoen kan vere til inspirasjon for andre med forskjellige former for angst.


søndag 26. juli 2015

Bilder fra utkantfestivalen

Fire minnerike dager førte til mange bilder. Intervju med forskjellige artister vil bli publisert på "Kindness to a stranger" seinare.

Marit Larsen



Beth Hart

Monica Heldal





MK`s marvellous medicine

Beth Hart

Kven har sagt at menn ikkje kan pynte seg?


Marit larsen går under overflaten



fredag 24. juli 2015

Festivalhjartet banker på Skjerjehamn


Eg har alltid hatt respekt for mennesker som setter seg eit mål, og jobber hardt for å få det til. Utkantfestivalen er for meg eit eksempel på mennesker som brenner for noko, og som oppfyller andre sine drømmer på linje med sine egne. 


For tre år sidan var eg så heldig å få helse på festivalsjefen for utkantfestivalen, og for tredje år på rad har eg fått studere korleis ein person kan skape noko heilt spesielt saman med andre eldsjelder. Ein festival krever mykje planlegging og godvilje frå alle involverte. Ein festival er eit stort hjarte som slår, eit fint maskineri som krever vedlikehald og kunnskap for å virke som det skal. Frivillige er dei som får hjula til å gå rundt, utan dei hadde det vore umulig å få til noko som helst.

I timesvis jobber frivillige med små og store oppgåver, uansett vær. Det som kanskje imponerer meg aller mest er korleis alle komponentene i festivalhjartet fungerer saman. Dersom en person er sliten, er det straks ein annan som ser dette og tar over ei oppgåve. Det er mange oppmuntrende klapp på skuldra, og ei stå-på haldning som en berre må bøye seg i støvet for. 


Etter berre to dager kan eg allereie konstatere at festivalsjefen har klart det igjen: På tross av regnbyger leverer artistene og dei frivillige ein minnerik festival. Er det rart at forhåndssalget var betre i år enn nokre ganger før? At festivalen veks og at festivaldeltakerene trosser regnbyger, vind og kronglete veger for å sitte framfor scena og nyte kvelden? 

I år, som Ifjord, har eg møtt mange interessante mennesker. Eg har fått snakka med artister som elsker det dei jobber med, og som gir av seg sjølv både på scena og i kvardagen. Det er slike mennesker som inspirerer og som gjer at andre får lyst til å følgje sine drømmer. Festivalhjarte slår uavbrutt og gir ein gjenlyd som vibrerer i kroppen lenge etter at det siste scenelyset er slått av. Eg har møtt artister som spiller i fengsel for å glede dei innsatte (Tiebraker), frivillige som danser til musikken mens dei serverer mat, en glimrende konferansier som oppmuntrer oss til å klappe og danse, og ein festivalsjef som gjennom månader med planlegging og hardt arbeid, har fått festivalhjarte til å banke i takt med musikken. 



søndag 14. juni 2015

Støv på hjernen

Akkurat no er eg nedsylta i støv. Det klør i nasa og i ansiktet, og halsen min ville ivrig sagt ja-takk til hostesaft. Klea mine er også fulle av støv, men det gjer ingenting sidan det er ein blanding av bad-taste varianter som eg har funne i ryddesjauet eg har brukt dei siste timene på. Det er utruleg kva som samler seg opp gjennom eit år. Så langt har eg funne kle i skremmende farger, kladdebøker frå den tida eg trudde eg var den fødte forfatter, og haugevis med bøker, DVD'er og scrapbooking-ting. Det er ganske befriende å få alt ut av kasser og inn i riktige bokser og hyller. Mykje har eg tenkt til å selge, gje vekk eller kaste, men nokre ting klarer eg nok neppe å kvitte meg med då eg har eit usunt forhold til gjenstander. Når eg ser gamle kladdebøker hopper hjertet mitt i glede, for gamle ting har minner knytta til seg. Kva hadde vi vore uten fortida vår? 
Eg blir nok ikkje ferdig med alt arbeidet Idag, men det er godt å ha begynt. 

søndag 7. juni 2015

Gatefest

I år blei det ikkje sommarfest, men kva gjer vel det når pikant spontant arrangerer gatefest?
Som venta blei arrangementet vel så bra som sommerfesten.

Eg fikk med meg to av konsertene (Comic Kid og Spitfire), men gikk tidlig då lydnivået auka nok til å sprenge trommehinnene mine. Eg hadde det likevel veldig kjekt så lenge det varte. Mange som eg ikkje har sett på lenge, var der. Eg tok også drøssevis med bilder, som dykk kan sjå nedanfor:









Meg og Nadine





Håvard og Tonje





Comet Kid






Lorentz



lørdag 16. mai 2015

Isle of coll

Idag har eg såtte meg ned for å sjå igjennom gamle bilder, og blant desse fann eg bilder fra turen min til Skottland i September. Eg reiste først til Edinburgh, tok bussen til Oban, før eg tok ferga til Isle of Coll, ei bittalita øy uten gatelys og med fleire sauer enn mennesker. Vi tok også det minste flyet eg nokon gong har vore i (plass til 9 passasjerer) til ei anna lita øy, kor eg feira bursdagen min. Det var en kjempefin dag, på ei nydelig øy. Når vi kom tilbake til Isle of Coll fikk eg tiramisu og god mat. Det var en rolig ferie, og eg har absolutt lyst til å utforske Skottland meir i framtida. Her ser dykk nokre av bilda frå turen:








Utsikt fra toppen av Oban

Oban

Den einaste kaféen på øya

Det einaste hotellet på øya. 


Den lokale kirka

Det lokale samfunnshuset, kor eg fikk spilt bordtennis
verdens minste flyplass

Flyturen tok berre sju minutt 








Ei fin ku



Utsikt fra flyet

Translate

La vita è bella

About me: